Kunst på høyden - Nasjonalgalleriet

Ei representativ samling av kunstnarar frå mellomkrigstida vert i sommar vist i Nasjonalmuseet. Ingeborg og Johannes Sejersted Bødtkers byrja i 1920-åra å samla norsk samtidskunst. Dette var den største kunstsamlinga i denne tidsperioden. Eigarane bygde sitt eige galleri i 1937, det var kalla “Nasjonalgalleriet på Holmenkollen”. Etter 2.verdskrig vart samlinga spreidd til nye eigarar, deriblant Nasjonalgalleriet. Nasjonalgalleriet heidrar desse kunstsamlarane med ei utstillinga som omfattar rundt 80 kunstverk med 26 kunstnarar.

Av kunstnarane som dei fleste av oss vart kjent med frå leseopplæringa på 50-talet , er Reidar Aulie (1904 – 1977). Han illustrerte “Mi fyrste lesebok”, ABC – boka som førte mange elevar i Noreg inn i lesekunsten på den tida. Han er representert i utstillinga med kunstverket “Arbeiderdemonstrasjon”.

Fleire sentrale kunstnarar frå denne tidsepoken er Aage Storstein (1900-1983) Han er representert med “Fisketorget”, kunstverket hans er inspirasjon frå Picasso og kubismen som han fekk kjennskap til i Paris 1926 (L.Østby, 77). Han var dessutan den eine av “frescobrødrene” som stod for utsmykkinga av Oslo rådhus. Andre i denne gruppa var Per Krogh (1889-1965) og Alf Rolfsen (1895 – 1979). Dei er også representert i utstillinga. Krogh sitt kunstverk “Frognerjordet 1940” finn ein på utstillinga.

Av andre sentrale kunstnarar i denne tida var Henrik Sørensen ( 1882- 1962) og Thorvald Erichsen (1868- 1939).

Utstillinga viser fleire kunstverk av Sørensen , mellom anna “Fra Hjartdal” 1925. Henrik Sørensen sin samling finn ein dessutan på Holmsbu Billedgalleri i Hurum.

Kunstnaren Willi Midelfart (1904-1975) viste samfunnsengasjementet gjennom bileta sine, mellom anna frå “Berlin Alexanderplatz”, “Arbeidsløse 1932” og "Refugio Madrid 1937 ".Sistnemnde med referanse til borgarkrigen i Spania.

Dette er eit unikt høve til å sjå kunstverk frå private og offentlege samlingar på ein gong. Utstillinga er open i tidsrommet 10. juni – 29. august 2010.

Kjelder:.
Messel, N. Katalog: Kunst på høyden, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Presentasjon frå opninga
Wikipedia

Vist 83 ganger. Følges av 1 person.
Annonse