Sakrale skattar frå Kremel-musea i Moskva - Nasjonalgalleriet

Utstillinga med denne tittelen vart opna i Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design den 23.09.10, og er tilgjengeleg fram til 16.januar 2011. Denne utstillinga har 90 russiske kunstverk frå 1300-talet til slutten av 1800-talet. Kremel-musea vil visa det norske publikum kunstverk med utgangspunkt i temaet Den russiske kyrkja.

Den fyrste av tre hovudsekvensar viser målte, broderte og utskorne verk i form av ikon. I den andre sekvensen vert kyrkjeutstyr som liturgiske gjenstandar i gull og sølv vist. Den tredje sekvensen viser drakter og tekstilar til russiske geistlege på 1600-talet. Her er det eit unikt høve til å få innblikk i russisk handtverk med tema frå den russisk ortodokse kristendommen gjennom fleire hundre år.

H.M.Dronning Sonja var til stades ved opninga.
Russlands visekulturministar Andrey Busygin opna utstillinga.
Koret Via Cantus framførte musikalske innslag.
Utstillinga er støtta av Statoil.

Kjelde:
Aftenposten 22.09.10
Sakrale skatter fra Kremelmuseene i Moskva. ISBN 978-82-8154-052-1

Vist 34 ganger. Følges av 1 person.
Annonse