Marianne Heske - Himmel & Jord

Stenersenmuseet i Oslo viser i perioden 4.november – 2.januar 2011 Marianne Heske sine kunstverk. Ei omfattande samling av videoinstallasjonar med mellom anna landskap som motiv. Eit sentralt tema i utstillinga er hovudformer eller “doll`s head”. Gjennom dette tema har utstillinga ein sekvens med fokus på “phrenology” som var ein medisinsk vitenskap tidleg på 1800-talet. Hovudskallen vart da delt inn i ulike områder med kvar sin funksjon, og kategorisering av menneska vart basert på hovudskalle og ansiktsform. Men denne vitenskapen er av ettertida tilbakevist.

Vestlandskunstnaren med opphav i Ålesund og Tafjord har internasjonal anerkjenning.
I tilknytting til ei utstilling i Paris fekk kunstnaren flytta eit stølshus fra Noreg til Centre Georges Pompidou, Frankrike. Dette prosjektet Gjerdeløa fann stad i 1980.

Denne utstillinga i Stenersenmuseet vart offesielt opna av den franske ambassadøren til Noreg, Brigitte Collet..

Boka som er komen i samband med denne utstillinga til Marianne Heske, er utgitt på SKIRA forlag (Milano). Tittel: Marianne Heske – edited by Selene Wendt. ISBN 978-88-572-0851-0
Kjelde: Wikipedia

Vist 43 ganger. Følges av 1 person.
Annonse