ROM FOR ABSTRAKSJON

Utstillinga i Nasjonalgalleriet sommaren 2014 har abstraksjon og modernisme som tema. Denne kunstforma utvikla seg gradvis gjennom 1950 og 1960 talet i Noreg. Det moderne kunstuttrykket hadde sin inspirasjon frå kubismen, ekspresjonnismen og surrealismen som hadde utvikla seg frå mellomkrigstida i Europa. Denne kunstretninga fekk etter kvart mange aktørar i Noreg, og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design presenterer eit knippe av desse kunstnarane i denne sommarutstillinga gjennom bilete, teikning og skulptur.

Tematikken er delt inn i fleire sekvensar og rom. I katalogen frå utstillinga er desse tema nemnt som: “Abstraksjon og arkitektur”, “Klar form”, “Natur og materialitet”, “Grenseløse rom”, “Dynamikk og ekspresjon” og “Kombinasjoner”. Det er sentrale kunstnarar i denne tidsepoken som er representert.

Overraskande er biletpresentasjonen av kunsten i høgblikka i regjeringskvartalet. Denne kunsten har vore lite kjent for mange, men tematikken er visualisert i eiga avdeling. Fleire kunstnarar opphavleg frå Sogn og Fjordane er representantar for denne kunstepoken, her kan ein nemne Gunnar S Gundersen, Knut Rumohr og Kjartan Slettmark. Elles finn ein namn som Jakob Weidemann, Anna- Eva Bergmann, Arnold Haukeland, Ramon Isern, Jens Johannessen, Irma Salo Jæger, Johs Rian, Aase Texmon Rygh, Olav Strømme, Odd Tandberg, Inger Sitter og Lars Tiller. Utstillinga er utarbeidd av kurator Øystein Ustvet og kurator Vibeke Waallmann Hansen. Det går fram av informasjonskatalogen at kunstverka i all hovudsak er ein del av Nasjonalmuseet sine samlingar, men supplert med enkelte lånte verk.

Dette er ein unik sjanse til å få eit blikk over kunstbidraget i denne perioden, epoken som førte til eit tradisjonsbrot i norsk kunsthistorie. Utstillinga er tilgjengeleg i perioden 13.juni – 7.september 2014 på Nasjonalgalleriet, Universitetsgata 13, Oslo.

Kjelde:
Nasjonalmuseet : Rom for abstraksjon Impulser i norsk kunst 1957 – 1975

Vist 35 ganger. Følges av 1 person.
Annonse