Forum: Åpent forum

Langs kysten. Gude og hans elevar rundt 1870

Nasjonalmuseet viser i perioden 19.februar – 8. mai 2016 ei utstilling som presenterer Hans Gude (1825 – 1903) og hans målarkunst knytt til kystkulturen i Sør-Norge. Gude hadde fått kunstutdanning i Düsseldorf, og der vart han professor innan landskapsmaleri i 1859. Seinare flytta han til Karlsruhe, og dei neste ti-åra utvikla han seg i ein meir realistisk retning innan målarkunsten går det fram i utstillinga.

Denne utstillinga har fleire motiv frå Sognefjorden som på denne tida var ein viktig arena for å skape kunst i nasjonalromantikken si ånd. På utstillinga kan ein mellom anna sjå måleriet “Likferd på Sognefjorden” i to variantar. Det eine maleriet er eit samarbeid mellom dei to kunstnarane Hans Gude og Adolph Tidemand. Frå året 1866 finst det fleire skisser av Hans Gude med motiv frå Sognefjorden. Han har truleg vore på ei reise i dette fjordlandskapet da. Desse er digitalt tilgjengeleg på Nasjonalmuseet. Maleriet over er presentert på utstillinga , og har tittelen “En Sognejekt”, datert 1866. Det er lokalisert til Fresvik. På denne utstillinga får ein eit heilskapsinntrykk av denne kunstnaren sitt bidrag på siste halvdel av 1800-talet. Utstillinga er “tematisk organisert med vekt på noen viktige steder, motiver og utviklingstendenser” står det å lesa i brosjyren. Teamet som står bak utstillinga er samansett av utstillingskurator Frode Ernst Haverkamp, Rikke Lundgreen, Fridtjov Bringager og Applied Sense Design

Kjelde:
Langs kysten. Gude og hans elever, omkring 1870.Nasjonalmuseet 2016
ISBN 978-82-8154-112-2

Gulltransporten 1940 "Den tunge bagasjen"

Den 8.mai 2014 opna ei utstilling ved UIO, Historisk Museum. Norges Bank si samling av gullmyntar frå gulltransporten i 1940 vert no frametter vist i Norges Banksalen på museet. Dette er eit samarbeid mellom Historisk Museum og Samlerhuset. “Den tunge bagasjen” som er tittelen på denne utstillinga, dreier seg om 13 932 gullmyntar som har vore lagra i Norges Bank. Da den dramatiske meldinga om tysk invasjon nådde fram til styresmaktene i Oslo den 8.april, vart den dramatiske flukta organisert av medarbeidarane rundt sjefsredirektør Nicolai Rygg, Norges Bank. (Øksendal, A. 1974)

Gullageret til Norges Bank vart natt til 9.april 1940 lasta opp i 26 lastebilar. Gullet skulle transporterast til Norges Bank sin filial på Lillehammer. Etter ein pause der, heldt ferda fram oppover Gudbrandsdalen. Diktaren Nordahl Grieg kom med i mobiliseringa på Jørstadmoen den 14.april, men etter noko motstand frå nokre offiserar, Øksendal omtalar dette slik: " Men de offiserene som han meldte seg for på Hønefoss, sa at de hadde hendene fulle med å sende folk hjem!" (s.30).

Dette var berre første etappe. Den 19.april gjekk ferda vidare oppover dalen til Otta, og kom til Åndalsnes via Dombås den 23.april. På Åndalsnes lasta den britiske kryssaren Galathea ombord 200 kassar a 40 kilo gull, og sette så kursen mot London. Resten av gullageret vart frakta med 24 lastebilar vidare til Molde fordi regjeringa ville fordela lageret på tre ulike farty. I tillegg til gullageret vart norske setlar pålydande 12 millionar frakta frå Romsdalshorn til Molde i ein fiskebil. Nini Haslund Gleditsch og Kristian Gleditsch hadde ansvaret for det.( Gullbrekk,S.H & Hatletvedt, R.2009) Dei deltok i transporten vidare til Tromsø. Tidlegare hadde dette ekteparet engasjert seg i Den norske Hjelpekomité for Spania.(Stanghelle, J.1995)

Den 29. april gjekk ferda med kongen, regjeringa og gullageret vidare til Tromsø med kryssaren HMS Glasgow. Same dag ved midnatt vart 10 tonn av gullet lasta over på lokalbåten Driva ved Apotekerkaia i Molde. Siste delen av gullageret kom til Tromsø den 9.mai. Den 24 mai vart det transportert vidare til USA og Canada via England. Men denne ferda var ikkje utan dramatikk. (Gullbekk, S.H.& Hatletvedt,R.2009)

Myntane er presentert i eit kabinett i Norges Bank salen, og ein teikneserie presenterer den dramatiske ferda. Teikneserien er utarbeidd av kunstnaren Melainie Sourisseau. Den illustrerer korleis gullet under sterkt soldatvern og med dramatiske hendingar når fram til trygg opphaldsstad utanfor krigsmakta sin lange arm. Denne samlinga av gullmyntar fortel og historia om kunst-og kulturhistorie for økonomisk sjølvstende i Norge. Myntpreging har vore eit viktig handverk. Den Kongelige Mynt på Kongsberg prega i 1874 den første norske gullmynten, Oscar den II, 20 kroner (5 speciedalar). Dette var nesten 400 år etter at den første gullmynten vart prega i Bergen.

Diktaren Nordahl Grieg var med gulleskorten nordover til Tromsø. Han skriev det diktet som er presentert som ein del av teikneserien i Norges Banksalen:

I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen vet vi hva frihet er.
Det stiger en sang over landet, seirende i sitt språk,
skjønt hvisket med lukkede leber under de fremmedes åk.

Det fødtes i oss en visshet: Frihet og liv er ett,
så enkelt, så uunnværlig som menneskets åndedrett.
Vi følte da trelldommen truet at lungene gispet i nød
som i en sunken u-båt… Vi vil ikke dø en slik død!

Verre en brennende byer er den krig som ingen kan se,
som legger et giftig slimslør på bjerker og jord og sne.
Med angiverangst og terror besmittet de våre hjem.
Vi hadde andre drømmer, og kan ikke glemme dem.

Langsomt ble landet vårt eget med grøde av hav og jord,
og slitet skapte en ømhet, en svakhet for liv som gror.
Vi fulgte ikke med tiden, vi bygde på fred, som i tross,
og de hvis dåd er ruiner har grunn til å håne oss.

Nå slåss vi for rett til å puste. Vi vet det må demre en dag
da nordmenn forenes i samme befriede åndedrag.
Vi skiltes fra våre sydpå, fra bleke utslitte menn.
Til dere er gitt et løfte; at vi skal komme igjen.

Her skal vi minnes de døde som ga sitt liv for vår fred,
soldaten i blod på sneen, sjømannen som gikk ned,
Vi er så få her i landet, hver fallen er bror og venn.
Vi har de døde med oss den dag vi kommer igjen.

Nordahl Grieg, lest i radioen fra Nord-Norge, 17. mai 1940

Denne utstillinga gjev eit viktig blikk på og kunnskap om ein sentral epoke for norsk sjølvstende og fridom. Utstillinga vil vera tilgjengeleg i ein to-årsperiode ved Historisk Museum, Frederiksgt 2, 0164 Oslo

Kjelder:
Gleditsch, Nini Haslund. Vær utålmodig menneske. Erindringer Gyldendal 1980
Gullbekk, Svein H & Hatletvedt R. Den norske gulltransporten – annen verdenskrig. Monetarius Oslo 2008
Gullbekk,Svein H. Money that changed the world. Schribendarius, Oslo 2014
Pressemelding 7.mai 2014. Gulltransporten er blitt utstilling.
Stanghelle, J. Nini Haslund Gleditsch. Opprør. En biografi 1995. Norsk biografisk leksikon.
Øksendal, A. Gulltransporten. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) Oslo 1974

ROM FOR ABSTRAKSJON

Utstillinga i Nasjonalgalleriet sommaren 2014 har abstraksjon og modernisme som tema. Denne kunstforma utvikla seg gradvis gjennom 1950 og 1960 talet i Noreg. Det moderne kunstuttrykket hadde sin inspirasjon frå kubismen, ekspresjonnismen og surrealismen som hadde utvikla seg frå mellomkrigstida i Europa. Denne kunstretninga fekk etter kvart mange aktørar i Noreg, og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design presenterer eit knippe av desse kunstnarane i denne sommarutstillinga gjennom bilete, teikning og skulptur.

Tematikken er delt inn i fleire sekvensar og rom. I katalogen frå utstillinga er desse tema nemnt som: “Abstraksjon og arkitektur”, “Klar form”, “Natur og materialitet”, “Grenseløse rom”, “Dynamikk og ekspresjon” og “Kombinasjoner”. Det er sentrale kunstnarar i denne tidsepoken som er representert.

Overraskande er biletpresentasjonen av kunsten i høgblikka i regjeringskvartalet. Denne kunsten har vore lite kjent for mange, men tematikken er visualisert i eiga avdeling. Fleire kunstnarar opphavleg frå Sogn og Fjordane er representantar for denne kunstepoken, her kan ein nemne Gunnar S Gundersen, Knut Rumohr og Kjartan Slettmark. Elles finn ein namn som Jakob Weidemann, Anna- Eva Bergmann, Arnold Haukeland, Ramon Isern, Jens Johannessen, Irma Salo Jæger, Johs Rian, Aase Texmon Rygh, Olav Strømme, Odd Tandberg, Inger Sitter og Lars Tiller. Utstillinga er utarbeidd av kurator Øystein Ustvet og kurator Vibeke Waallmann Hansen. Det går fram av informasjonskatalogen at kunstverka i all hovudsak er ein del av Nasjonalmuseet sine samlingar, men supplert med enkelte lånte verk.

Dette er ein unik sjanse til å få eit blikk over kunstbidraget i denne perioden, epoken som førte til eit tradisjonsbrot i norsk kunsthistorie. Utstillinga er tilgjengeleg i perioden 13.juni – 7.september 2014 på Nasjonalgalleriet, Universitetsgata 13, Oslo.

Kjelde:
Nasjonalmuseet : Rom for abstraksjon Impulser i norsk kunst 1957 – 1975

Grunnlovsjubileet, Noreg 1814 -2014

Nasjonalmuseet viser i 2014 tre utstillingar ved feiringa av 200 års jubileet for Grunnlova. Utover våren og sommaren presenterer museet desse utstillingane med ulike tema i jubileumsåret. Utstillinga med tittelen TIDSBILDER finn stad på Nasjonalgalleriet, i perioden 17. januar – 18.mai 2014. Denne utstillinga viser ein del portrett av sentrale aktørar i prosessen med Grunnlova og etableringa av “den nye nasjonen”.

Ein del landskapsmotiv måla av norske, danske, svenske, tyske og engelske kunstnarar understrekar den nye nasjonen sitt naturmangfald med fjell, fjordar og fossefall. Sognefjorden, mellom anna, er representert med “Slindebirken”, her måla i 1820-åra av J. Flintoe, tittel: “Den hellige bjerk ved Gaarden Slinde. Levning fra Balders Lunde.” Dette kjende motivet, der ein i skumringstimen skimtar dei mektige fjella i Feios frå Slinde, gjennom ei berr bjørkekruna. Noreg hadde ikkje på den tida kunstutdanning, difor vart Tegneskolen oppretta i 1818 av arkitekt Grosch. Utstillinga viser ôg kunstnarar og verk frå dei første åra Tegneskolen var i drift.

DESIGN OG MOTE er lokalisert til Kunstindustrimuseet og er opnen i perioden 2.februar til 31.august 2014. I denne utstillinga er det interiøret for 200 år sidan som står i fokus. Her er mellom anna Ankerfamilien sitt praktbygg Paleet, gjenskapt. Dette bygget som i 1814 vart nytta som kongebustad for Christian Fredrik, og seinare nytta av Karl Johan inntil slottet stod ferdig. Det andre interiøret er gjenskapt frå Solliløkken. Interiøret viser overgangen frå rokokkoen til empirstilen i kunsthandverket både i møblar, keramikk, mote og glaskunst.

Den tredje utstillinga arrangert i Arkitekturmuseet har tittelen KLASSISK CHRISTIANIA og er open i perioden 15.februar til 8.juni 2014. Denne utstillinga dreier seg om kvaderaturen i Christiania og framveksten av ein ny statsadministrasjon, i fylgje katalogen. Så her er det framleis eit spenningsmoment før opninga den 15.februar.

København markerer også Grunnlovsjubileet 2014 med ei utstilling av kunstnaren Kristian Krohg. Han var eksponent for realismen og formidla det gjennom sitt kunstnarlege uttrykk på 1880 åra til 1900. Dette er eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og kunstforeningen GL STRAND. Denne utstillinga er opnen i tida 8. februar til 1.juni 2014. Den offisielle opninga finn stad i København 7. februar ved H. M. Dronning Sonja.

Kjelder:
Informasjonskatalog frå Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
Mynewsdesk
Norge 1814. Tidsbilder. Design og mote. Klassisk Christiania.

Åpning mot det hellige - opning mot det heilage

Utstillinga med undertittelen Gylne glimt frå renessansen i Nerderlanda (Gylne glimt fra Nederlandenes renessanse) er no opna for publikum i Noreg, og vil vera tilgjengeleg i perioden 22.02 – 12.05.2013 ved Nasjonalmuseet, avdeling Nasjonalgalleriet, Universitetsgata 13. Oslo.

Denne kunstretninga som hadde sitt inntog på 1400 og 1500-talet, representerer ein ny epoke i kunsthistorien og fekk også stor påverknad for utviklinga av renessansen i heile Europa. Denne kunstretninga utvikla seg i det burgundiske riket som i dag er identisk med Beneluxlanda og deler av Nord- og Aust-Frankrike. I dette hertugdømet, med eit nykapitalistisk samfunn, voks interesse for kunsten fram.

Utstillinga formidlar renessansen, epoken da oljemåleriet fekk inntog i målarkunsten. Olje var eit bindemiddel som gav kunstnarane nye høve til å uttrykke eit meir realistisk og detaljert biletspråk. Tematikken er relatert til framveksten og utviklinga av den religiøse kunsten før reformasjonen. Det er her dei nederlandske kunstnarane Jan van Eyck, Rogier van der Weyden, Petrus Christus og Gerard David utviklar denne kunstretninga etter inspirasjon frå den seingotiske og italienske renessansekunsten.

Den digitale verda har også gjort sitt inntok på denne utstillinga i form av skjermar med høve til å gå i djupna på bileta og detaljane. Utstillinga er eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og Museet i Antwerpen.

Kjelder:
Haverkamp, Frode: Åpning mot det hellige Nederlandenes renessanse.
Nasjonalmuseet. ISBN- 978-82-8154-072-9
Informasjonskatalog: Doorway To The Sacred. Golden Glimpses of the Netherlandish Renaissance.

Emil Nolde - Jakta på det autentiske

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Nasjonalgalleriet viser i perioden 12.10.12 – 20.01.13 ei utstilling av kunstverka til Emil Nolde (1867 – 1956). Han er eksponent for den tyske ekspresjonismen som voks fram I Dresden på byrjinga av 1900-talet. Emil Nolde slutta seg til ei gruppa av kunstnarar med namnet Die Brücke. Nolde sitt engasjement var mellom annna inspirert av van Gogh, Gauguin og Munch.

I Dresden vart kunsten hans vist på ei utstilling i 1906. Han var berre aktiv medlem i kunstnargruppa ein kort periode i fylgje katalogen (Engen,L.). Seinare vart ei anna kunstnargruppe innan denne kunstretninga stifta i Mùnchen, Der Blaue Reiter. Frå omlag 1917 utvikla ekspresjonismen seg og det var utstillingar i større kunstmusé i Tyskland. Dette vart “ein gylden periode” for Emil Nolde i fylgje utstillinga. Kunstnaren busette seg etterkvart i Seebülle på grensa mellom Danmark og Tyskland, der hadde han også vokse opp og fått den første kunstopplæringa si i treskulptur, treskjering og teikning.

Ein periode lefla han med nasjonalsosialismen, men etterkvart vart den moderne kunstarten karakterisert av leiande nasjonalsosialistar som “degenerert estetikk til skrekk og advarsel”. Emil Nolde fekk måleforbod. Han trekte seg tilbake i perioden 1941- 45. Men i perioden etter 1945 til 1955
fekk han aksept og anerkjenning for kunsten sin, og mottok fleire prisar. Av tittlane på nokre av kunstverka hans er til dømes “Gravleggelsen” (1915), “Valmuer og Lupiner” (1946) og “Høy bølge”
(1948). Denne utstillinga er eit unikt høve til å sjå Emil Noldes kunst i Norge.

Kjelde:
Dæhlin, E.O. Maleriet i de siste hundre år. Dreyers Forlag – Oslo 1977
Informasjonsbrosjyre. Emil Nolde. Jakten på det autentiske
Katalogen Emil Nolde. Jakten på det autentiske. ISBN 978-82-8154-069-9

Christian Krohg - Bilete som grip

Ei utstilling av kunstverka til Christian Krohg vert vist i Nasjonalgalleriet i perioden 15.juni – 16.september 2012. Han ønska med kunsten sin å nå folket, og på den måten yta eit bidrag til ei demokratisk samfunnsutvikling. Kunsten skulle ikkje berre vera til pryd for borgarskapet, men gjennom realistiske skildringar avspegla han fattigdommen og klassesamfunnet i samtida. Her er mellom anna bilete som “Kampen for tilværelsen”, “Kvinne skjærer brød”, “Syk pike” og “Albertine i politilegens venteværelse” , bilete frå 1880-og 1890 åra.

Han var dessutan forfattar og journalist, og tema i bileta hans vart skildra både i forfattarskapet og i målarkunsten. Romanen og biletet knytt til fattigjenta Albertine vekte debatt, i fylgje omtalen. Ved å hente tema frå kvardagslege hendingar var målet å nå lengst ut med engasjementet, også mot arbeiderklassen. I denne utstillinga er det “realisten og naturalisten” som er kjenneteiknet, men han var òg inspirert av impresjonismen som hovudsakleg eksponerer augneblinken..

Christian Krohg (1852 -1925) studerte jus, men etter avslutta embetseksamen reiste han utenlands og var blant anna elev av Hans Gude i Karlsruhe. Seinare kom han til Berlin og Paris. Etter Parisopphaldet vart hans engasjement for samtidsorientering styrka. I ein periode (1902-1909)var han lærar ved eit akademi i Paris, Académie Colarossi. Seinare var han direktør og professor for det nyoppretta Statens Kunstakademi i Oslo.

Utstilling i Nasjonalgalleriet, Universitetsgt.13, Oslo

Kjelder.
Store Norske Leksikon. Aschehoug og Gyldendal 1986 -1989
Utstillingskalender 2012. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
Informasjonskatalog: Christian Krohg. Bilder som griper

PAINTING CANADA Tom Thomson and The Group of Seven

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design viser ei ny utstilling på Nasjonalgalleriet i perioden 27.januar – 13.mai 2012. Denne utstillinga presenterer kanadiske landskapsmålarar i det 20.århundre. Møtet med naturen var utgangspunket for ekspressive bilete. Etablering av “The Group of Seven” danna grunnlaget for den kanadiske modernismen. Gruppa, leia av Tom Thomson, var inspirert av den skandinaviske kunsten etter at ei vandreutstilling med kunst frå Norden vart vist i USA i 1913, der to gruppemedlemmene var til stades.

Den norske oppblomstringa innan kunst og litteratur voks fram i kjølvatnet av 1814, og visjonen om ein sjølvstendig norsk nasjon engasjerte mange kunstnarar utover i det 19. hundreåret. Inspirasjonen frå Norden gjorde at desse målarane ville skildra den heimlege naturen frå Quebec i aust til British Columbia i vest. Dei kom til å fornya kunsten og kunstforståinga for landskap som studie og kunstuttrykk i heimlandet .“Tom Thomson var ildsjelen og pioneren som fikk de sju vennene med seg ut i ødemarka for å male spontane skisser.” står det å lesa i omtalen frå Nasjonalmuseet. Mellom kunstnarane som er representert i utstillinga finn ein namn som A.Y Jackson, Arthur Lishmer, J.E.H MacDonald.

Som ein del av dei 120 måleria frå Canada viser museet og nokre av dei nordiske kunstverka som var med på vandreutstillinga i USA. Det er kunstnarar som Edvard Munch, Torolf Holmbo, Prins Eugen og Gustav Fjærstad, som alle er representert i Nasjonalmuseet sine samlingar.

Kjelder:.
Nasjonalmuseet, for kunst, arkitektur og design. Utstillingskatalog 2012
Nasjonalmuseet, for kunst, arkitektur og dessign. Informasjon
Painting Canada. Tom Thomson and The Group og Seven. Philip Wilson Publishers, 6 Salem Road London w24Bu, ISBN 978-0-85667-686-4

VIDEOSPACE - Astrup Fearnley Samlinga

Utstillinga VIDEOSPACE representerer videokunst med kunstnarar frå Asia, Europa og USA. Det spesielle med denne utstillinga er at videokunsten er medium for kunstuttrykket som desse kunstnarane formidlar. “Deres kunstneriske intensjoner er mangfoldige – alt fra personlige, sosiale, vitenskaplige, politiske, psykologiske til historiske synspunkter blir formidlet både med humor og vidd og det største alvor”. (Informasjonsheftet s.2).

Utstillinga er eit viktig korpus av visualiseringar i rørsle, forteljingar og hendingssekvensar frå vår tids kultur, og er representert ved kunstnarane Cao Fei, Paul Chan, Nikhil Cohpra, Trisha Donnelly, Douglas Gordon, Hu Xiangqian, Peter Land, Liang Yue, Klara Lidén, Ann Lislegaard, Lu Chunsheng, Paul McCarthy, Bruce Nauman, Adam Putnam, Qui Anxiong, Song Tao, Sam Taylor-Wood, Yang Fudong og Zaho Tao.

Denne utstillinga vil vera open i perioden 3.11.- 31.12.2011. Ved å kjøpa ein billett, kan ein sjå utstillinga fleire gonger. Tidsperspektivet om ein vil sjå alle installasjonane er kalkulert til omlag 6 timar. Kuratorar er Gunnar B Kvaran, Grete Årbu

Dette er den siste utstillinga i noverande lokala til Astrup Fearnley Museet. Nytt museum på Tjuvholmen, Oslo vil stå ferdig hausten 2012. Museet er teikna av ein verdskjend arkitekt med namn Renzo Piano.

Kjelde:
VIDEOSPACE. Astrup Fearnley Museet for moderne kunst. (Katalog nr. 75. ISBN-978-91-43068-3)
VIDEOSPACE. Informasjonshefte

DET MENNESKELEGE MØNSTER - Hannah Ryggen i vår tid

Veving som kunsthandverk har lang tradisjon. Den norske tekstilkunstnaren Hannah Ryggen løfta biletveven opp frå husflid til kunst. Ho var fødd i Sverige, men hadde størsteparten av sin karriere i Noreg. Kunsthall Oslo presenterer i perioden 5.mars – 24.april ei samling av kunstverka hennar over ein 15-års periode, og som i tid og motiv spenner over den andre verdskrigen. I mellomkrigstida utvida ho motivvala sine og vov politiske motiv mot krig og fascisme. Det politiske engasjementet hennar kjem til uttrykk mellom anna i to av teppa. “Liselotte Herrmann” (1938) har referanse til ein tysk kommunist som vart henretta. Eit anna motiv er “Drømmedød” (1936) som er dedikert til humanisten og Nobelpris-vinnar Carl von Ossietsky. Begge desse motiva avspeglar kunstnaren si tru på kor viktig enkeltmenneska sin kamp har vore gjennom historia.

I tillegg til kunstverka som er samla i Kunsthall Oslo rundt Hannah Ryggen sine tepper, er mellom anna verk frå kunstnarar i samtida, til dømes Pablo Picasso, Claude Cahun, Gerd Arntz og Gunnar S Gundersen, for å nemna nokre. Sistnemnde Gunnar S Gundersen har sitt opphav i Sogn og Fjordane, med Førde som fødestad.

Dei utstilte kunstverka er utlånt frå fleire institusjonar både i Noreg og utlandet. Kunst er utlånt frå til dømes Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Stockholms Statsmuseum, Statministaren sitt kontor og Hydro sine kunstsamlingar.

For dei som både arbeider med veving, kunsthandverk eller kunstformidling er dette ein unik sjanse til å sjå biletkunst måla med veven, som det står i katalogen.

Denne retrospektive utstillinga finn ein i Bjørvika, i nærleiken av Sentralstasjonen. Kunsthall Oslo har adr.: Trelastgt.3, 0191 Oslo

Kjelde:
Informasjonskatalog Kunsthall Oslo v/Marit Paasche
Store norske leksikon

Owen Jones og den islamske inspirasjonen

Kulturpåverknad har til alle tider ført til endringar i samfunnet på fleire arenaer. Innan kunst og arkitektur har dei islamske eller mauriske impulsane nedfelt seg også i Europa og Norden. Desse stramumdraga med opphav i orientalismen vert no vist i utstillinga ved Kunstindustrimuseet, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Sentralt i denne utstilling står den britiske designaren, arkitekten og kunstteoretikaren Owen Jons (1809 – 1874).

Denne kunstforma har ornamentikken i fokus. Owen Jons sine studier ved Alhambrapalasset i Granada, Spania førte til utvikling av banebrytande teoriar om abstrakt ornamentikk, flatmønstre og fargebruk som utfordring til den tradisjonelle designkunsten i Storbritannia.

Kunstretninga som spreidde seg, kom til uttrykk i dei nordiske landa som “nordisk orientalisme”. I Noreg er fleire byggverk inspiret av denne kunstforma frå islamsk kunst. Arkitekten Georg Bull fekk oppført blant anna ein villa i maurisk stil i Oslo. Eit anna døme er Ole Bull sin Villa Lysøen ved Bergen som Fredrik van der Lippe var arkitekt for. Arkitekten Georg Bull hadde elles i perioden rundt 1850 oppdrag frå kyrkjedepartementet om å måle opp og gjera nedteikningar av stavkyrkjene/stavkyrkjearkitekturen som skulle rivnast i i denne tidsepoken. I stavkyrkjearkitekturen står ornamentikken sentralt. Dette oppdraget medførte mellom anna at stavkyrkjer frå Sogn, Årdal og Feios, vart nedteikna og oppmålt.

Denne utstillinga er open i tida 30.januar – 30.april 2011. St. Olavsgt. 1, Oslo

Kjelder.
Informasjonshefte frå Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Norges kunsthistorie. Gyldendal Norsk Forlag – Oslo 1981
Store norske leksikon G.A.Bull
Wikipedia

eMunch.no - tekst og bilete

Utstillinga med tittelen “eMunch.no – tekst og bilde” vart opna den 20.01.11. Eit søkbart digitalt arkiv med E.Munch sine etterlatne brev, notatar, dagbøker og dokument elles er digitalisert, og dette arkivet er lansert med utstillinga som no vert vist i Munchmuseet. Utstillinga er bygd opp rundt det omtalte tekstmaterialet kombinert med kunstnaren sine kjende verk. Målet er å kaste lys over “kunstnaren sitt språklige og visuelle univers”, som det er uttrykt i katalogen, og vil gje nyanserte perspektiv på kunstnaren Edvard Munch. Katalogen på omlag 300 sider gjev fyldig informasjon om temaet. Utstillinga er tilgjengeleg i perioden 21.01 – 25.04.11.

Kjelde:
eMunch.no – tekst og bilde. Redaktør M.B. Guleng. Munchmuseet 2011.
(ISBN 978-82-90128-70-3)

Annonse