Viser arkivet for januar, 2011

eMunch.no - tekst og bilete

Utstillinga med tittelen “eMunch.no – tekst og bilde” vart opna den 20.01.11. Eit søkbart digitalt arkiv med E.Munch sine etterlatne brev, notatar, dagbøker og dokument elles er digitalisert, og dette arkivet er lansert med utstillinga som no vert vist i Munchmuseet. Utstillinga er bygd opp rundt det omtalte tekstmaterialet kombinert med kunstnaren sine kjende verk. Målet er å kaste lys over “kunstnaren sitt språklige og visuelle univers”, som det er uttrykt i katalogen, og vil gje nyanserte perspektiv på kunstnaren Edvard Munch. Katalogen på omlag 300 sider gjev fyldig informasjon om temaet. Utstillinga er tilgjengeleg i perioden 21.01 – 25.04.11.

Kjelde:
eMunch.no – tekst og bilde. Redaktør M.B. Guleng. Munchmuseet 2011.
(ISBN 978-82-90128-70-3)

Absolutt Installasjon

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design opna ei ny utstilling den 13.01.11 med tittelen Absolutt Installasjon i Samtidsmuseet.

Hovudfokuset i utstillinga er knytt til tema i avantgardekunsten som hadde sitt opphav omkring 1920-talet. Denne kunstretninga hadde som mål å vera eksperimenterande og nyskapande. Avantgardisme utfordra det etablerte og har fokus på nytenking og utvikling.

Museet for samtidskunst vart grunnlagt i 1990 og står framfor ein prosess med flytting til Vestbanen. Dei kunstverka som denne utstillinga syner, har eit stort mangfald, og er frå den siste 30 årsepoken. “Likevel kan man øyne mange forbindelseslinjer mellom kunstverkene, tematisk som formalt.” (Eckhoff, 2011, s.4).

Eit kunstverk av Ilya Kabakov med tittelen “Søppelmannen”, eller “Mannen som aldri kastet noe” er sentralt i denne utstillinga. Installasjonen som vart innkjøpt i 1994 vil bli ståande i museet fram til flytting i nye lokaler.(Eckhoff, 2011). Utstillinga syner vidare mellom anna verk av Per Barclay, Louise Bourgeois og Marianne Heske.

Kjelder:
ABSOLUTT INSTALLASJON, A. Eckhoff, Nasjonalmuseet 2011
Wikipedia