Viser arkivet for stikkord fearnley

Grunnlovsjubileet, Noreg 1814 -2014

Nasjonalmuseet viser i 2014 tre utstillingar ved feiringa av 200 års jubileet for Grunnlova. Utover våren og sommaren presenterer museet desse utstillingane med ulike tema i jubileumsåret. Utstillinga med tittelen TIDSBILDER finn stad på Nasjonalgalleriet, i perioden 17. januar – 18.mai 2014. Denne utstillinga viser ein del portrett av sentrale aktørar i prosessen med Grunnlova og etableringa av “den nye nasjonen”.

Ein del landskapsmotiv måla av norske, danske, svenske, tyske og engelske kunstnarar understrekar den nye nasjonen sitt naturmangfald med fjell, fjordar og fossefall. Sognefjorden, mellom anna, er representert med “Slindebirken”, her måla i 1820-åra av J. Flintoe, tittel: “Den hellige bjerk ved Gaarden Slinde. Levning fra Balders Lunde.” Dette kjende motivet, der ein i skumringstimen skimtar dei mektige fjella i Feios frå Slinde, gjennom ei berr bjørkekruna. Noreg hadde ikkje på den tida kunstutdanning, difor vart Tegneskolen oppretta i 1818 av arkitekt Grosch. Utstillinga viser ôg kunstnarar og verk frå dei første åra Tegneskolen var i drift.

DESIGN OG MOTE er lokalisert til Kunstindustrimuseet og er opnen i perioden 2.februar til 31.august 2014. I denne utstillinga er det interiøret for 200 år sidan som står i fokus. Her er mellom anna Ankerfamilien sitt praktbygg Paleet, gjenskapt. Dette bygget som i 1814 vart nytta som kongebustad for Christian Fredrik, og seinare nytta av Karl Johan inntil slottet stod ferdig. Det andre interiøret er gjenskapt frå Solliløkken. Interiøret viser overgangen frå rokokkoen til empirstilen i kunsthandverket både i møblar, keramikk, mote og glaskunst.

Den tredje utstillinga arrangert i Arkitekturmuseet har tittelen KLASSISK CHRISTIANIA og er open i perioden 15.februar til 8.juni 2014. Denne utstillinga dreier seg om kvaderaturen i Christiania og framveksten av ein ny statsadministrasjon, i fylgje katalogen. Så her er det framleis eit spenningsmoment før opninga den 15.februar.

København markerer også Grunnlovsjubileet 2014 med ei utstilling av kunstnaren Kristian Krohg. Han var eksponent for realismen og formidla det gjennom sitt kunstnarlege uttrykk på 1880 åra til 1900. Dette er eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og kunstforeningen GL STRAND. Denne utstillinga er opnen i tida 8. februar til 1.juni 2014. Den offisielle opninga finn stad i København 7. februar ved H. M. Dronning Sonja.

Kjelder:
Informasjonskatalog frå Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
Mynewsdesk
Norge 1814. Tidsbilder. Design og mote. Klassisk Christiania.