Langs kysten. Gude og hans elevar rundt 1870

Nasjonalmuseet viser i perioden 19.februar – 8. mai 2016 ei utstilling som presenterer Hans Gude (1825 – 1903) og hans målarkunst knytt til kystkulturen i Sør-Norge. Gude hadde fått kunstutdanning i Düsseldorf, og der vart han professor innan landskapsmaleri i 1859. Seinare flytta han til Karlsruhe, og dei neste ti-åra utvikla han seg i ein meir realistisk retning innan målarkunsten går det fram i utstillinga.

Denne utstillinga har fleire motiv frå Sognefjorden som på denne tida var ein viktig arena for å skape kunst i nasjonalromantikken si ånd. På utstillinga kan ein mellom anna sjå måleriet “Likferd på Sognefjorden” i to variantar. Det eine maleriet er eit samarbeid mellom dei to kunstnarane Hans Gude og Adolph Tidemand. Frå året 1866 finst det fleire skisser av Hans Gude med motiv frå Sognefjorden. Han har truleg vore på ei reise i dette fjordlandskapet da. Desse er digitalt tilgjengeleg på Nasjonalmuseet. Maleriet over er presentert på utstillinga , og har tittelen “En Sognejekt”, datert 1866. Det er lokalisert til Fresvik. På denne utstillinga får ein eit heilskapsinntrykk av denne kunstnaren sitt bidrag på siste halvdel av 1800-talet. Utstillinga er “tematisk organisert med vekt på noen viktige steder, motiver og utviklingstendenser” står det å lesa i brosjyren. Teamet som står bak utstillinga er samansett av utstillingskurator Frode Ernst Haverkamp, Rikke Lundgreen, Fridtjov Bringager og Applied Sense Design

Kjelde:

Gulltransporten 1940 "Den tunge bagasjen"

Den 8.mai 2014 opna ei utstilling ved UIO, Historisk Museum. Norges Bank si samling av gullmyntar frå gulltransporten i 1940 vert no frametter vist i Norges Banksalen på museet. Dette er eit samarbeid mellom Historisk Museum og Samlerhuset. “Den tunge bagasjen” som er tittelen på denne utstillinga, dreier seg om 13 932 gullmyntar som har vore lagra i Norges Bank. Da den dramatiske meldinga om tysk invasjon nådde fram til styresmaktene i Oslo den 8.april, vart den dramatiske flukta organisert av medarbeidarane rundt sjefsredirektør Nicolai Rygg, Norges Bank. (Øksendal, A. 1974)

Gullageret til Norges Bank vart natt til 9.april 1940 lasta opp i 26 lastebilar. Gullet skulle transporterast til Norges Bank sin filial på Lillehammer. Etter ein pause der, heldt ferda fram oppover Gudbrandsdalen. Diktaren Nordahl Grieg kom med i mobiliseringa på Jørstadmoen den 14.april, men etter noko motstand frå nokre offiserar, Øksendal omtalar dette slik: " Men de offiserene som han meldte seg for på Hønefoss, sa at de hadde hendene fulle med å sende folk hjem!" (s.30).

ROM FOR ABSTRAKSJON

Utstillinga i Nasjonalgalleriet sommaren 2014 har abstraksjon og modernisme som tema. Denne kunstforma utvikla seg gradvis gjennom 1950 og 1960 talet i Noreg. Det moderne kunstuttrykket hadde sin inspirasjon frå kubismen, ekspresjonnismen og surrealismen som hadde utvikla seg frå mellomkrigstida i Europa. Denne kunstretninga fekk etter kvart mange aktørar i Noreg, og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design presenterer eit knippe av desse kunstnarane i denne sommarutstillinga gjennom bilete, teikning og skulptur.

Tematikken er delt inn i fleire sekvensar og rom. I katalogen frå utstillinga er desse tema nemnt som: “Abstraksjon og arkitektur”, “Klar form”, “Natur og materialitet”, “Grenseløse rom”, “Dynamikk og ekspresjon” og “Kombinasjoner”. Det er sentrale kunstnarar i denne tidsepoken som er representert.

Grunnlovsjubileet, Noreg 1814 -2014

Nasjonalmuseet viser i 2014 tre utstillingar ved feiringa av 200 års jubileet for Grunnlova. Utover våren og sommaren presenterer museet desse utstillingane med ulike tema i jubileumsåret. Utstillinga med tittelen TIDSBILDER finn stad på Nasjonalgalleriet, i perioden 17. januar – 18.mai 2014. Denne utstillinga viser ein del portrett av sentrale aktørar i prosessen med Grunnlova og etableringa av “den nye nasjonen”.

Ein del landskapsmotiv måla av norske, danske, svenske, tyske og engelske kunstnarar understrekar den nye nasjonen sitt naturmangfald med fjell, fjordar og fossefall. Sognefjorden, mellom anna, er representert med “Slindebirken”, her måla i 1820-åra av J. Flintoe, tittel: “Den hellige bjerk ved Gaarden Slinde. Levning fra Balders Lunde.” Dette kjende motivet, der ein i skumringstimen skimtar dei mektige fjella i Feios frå Slinde, gjennom ei berr bjørkekruna. Noreg hadde ikkje på den tida kunstutdanning, difor vart Tegneskolen oppretta i 1818 av arkitekt Grosch. Utstillinga viser ôg kunstnarar og verk frå dei første åra Tegneskolen var i drift.

Åpning mot det hellige - opning mot det heilage

Utstillinga med undertittelen Gylne glimt frå renessansen i Nerderlanda (Gylne glimt fra Nederlandenes renessanse) er no opna for publikum i Noreg, og vil vera tilgjengeleg i perioden 22.02 – 12.05.2013 ved Nasjonalmuseet, avdeling Nasjonalgalleriet, Universitetsgata 13. Oslo.

Denne kunstretninga som hadde sitt inntog på 1400 og 1500-talet, representerer ein ny epoke i kunsthistorien og fekk også stor påverknad for utviklinga av renessansen i heile Europa. Denne kunstretninga utvikla seg i det burgundiske riket som i dag er identisk med Beneluxlanda og deler av Nord- og Aust-Frankrike. I dette hertugdømet, med eit nykapitalistisk samfunn, voks interesse for kunsten fram.

Emil Nolde - Jakta på det autentiske

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Nasjonalgalleriet viser i perioden 12.10.12 – 20.01.13 ei utstilling av kunstverka til Emil Nolde (1867 – 1956). Han er eksponent for den tyske ekspresjonismen som voks fram I Dresden på byrjinga av 1900-talet. Emil Nolde slutta seg til ei gruppa av kunstnarar med namnet Die Brücke. Nolde sitt engasjement var mellom annna inspirert av van Gogh, Gauguin og Munch.

I Dresden vart kunsten hans vist på ei utstilling i 1906. Han var berre aktiv medlem i kunstnargruppa ein kort periode i fylgje katalogen (Engen,L.). Seinare vart ei anna kunstnargruppe innan denne kunstretninga stifta i Mùnchen, Der Blaue Reiter. Frå omlag 1917 utvikla ekspresjonismen seg og det var utstillingar i større kunstmusé i Tyskland. Dette vart “ein gylden periode” for Emil Nolde i fylgje utstillinga. Kunstnaren busette seg etterkvart i Seebülle på grensa mellom Danmark og Tyskland, der hadde han også vokse opp og fått den første kunstopplæringa si i treskulptur, treskjering og teikning.

Christian Krohg - Bilete som grip

Ei utstilling av kunstverka til Christian Krohg vert vist i Nasjonalgalleriet i perioden 15.juni – 16.september 2012. Han ønska med kunsten sin å nå folket, og på den måten yta eit bidrag til ei demokratisk samfunnsutvikling. Kunsten skulle ikkje berre vera til pryd for borgarskapet, men gjennom realistiske skildringar avspegla han fattigdommen og klassesamfunnet i samtida. Her er mellom anna bilete som “Kampen for tilværelsen”, “Kvinne skjærer brød”, “Syk pike” og “Albertine i politilegens venteværelse” , bilete frå 1880-og 1890 åra.

Han var dessutan forfattar og journalist, og tema i bileta hans vart skildra både i forfattarskapet og i målarkunsten. Romanen og biletet knytt til fattigjenta Albertine vekte debatt, i fylgje omtalen. Ved å hente tema frå kvardagslege hendingar var målet å nå lengst ut med engasjementet, også mot arbeiderklassen. I denne utstillinga er det “realisten og naturalisten” som er kjenneteiknet, men han var òg inspirert av impresjonismen som hovudsakleg eksponerer augneblinken..

PAINTING CANADA Tom Thomson and The Group of Seven

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design viser ei ny utstilling på Nasjonalgalleriet i perioden 27.januar – 13.mai 2012. Denne utstillinga presenterer kanadiske landskapsmålarar i det 20.århundre. Møtet med naturen var utgangspunket for ekspressive bilete. Etablering av “The Group of Seven” danna grunnlaget for den kanadiske modernismen. Gruppa, leia av Tom Thomson, var inspirert av den skandinaviske kunsten etter at ei vandreutstilling med kunst frå Norden vart vist i USA i 1913, der to gruppemedlemmene var til stades.

Den norske oppblomstringa innan kunst og litteratur voks fram i kjølvatnet av 1814, og visjonen om ein sjølvstendig norsk nasjon engasjerte mange kunstnarar utover i det 19. hundreåret. Inspirasjonen frå Norden gjorde at desse målarane ville skildra den heimlege naturen frå Quebec i aust til British Columbia i vest. Dei kom til å fornya kunsten og kunstforståinga for landskap som studie og kunstuttrykk i heimlandet .“Tom Thomson var ildsjelen og pioneren som fikk de sju vennene med seg ut i ødemarka for å male spontane skisser.” står det å lesa i omtalen frå Nasjonalmuseet. Mellom kunstnarane som er representert i utstillinga finn ein namn som A.Y Jackson, Arthur Lishmer, J.E.H MacDonald.

VIDEOSPACE - Astrup Fearnley Samlinga

Utstillinga VIDEOSPACE representerer videokunst med kunstnarar frå Asia, Europa og USA. Det spesielle med denne utstillinga er at videokunsten er medium for kunstuttrykket som desse kunstnarane formidlar. “Deres kunstneriske intensjoner er mangfoldige – alt fra personlige, sosiale, vitenskaplige, politiske, psykologiske til historiske synspunkter blir formidlet både med humor og vidd og det største alvor”. (Informasjonsheftet s.2).

Utstillinga er eit viktig korpus av visualiseringar i rørsle, forteljingar og hendingssekvensar frå vår tids kultur, og er representert ved kunstnarane Cao Fei, Paul Chan, Nikhil Cohpra, Trisha Donnelly, Douglas Gordon, Hu Xiangqian, Peter Land, Liang Yue, Klara Lidén, Ann Lislegaard, Lu Chunsheng, Paul McCarthy, Bruce Nauman, Adam Putnam, Qui Anxiong, Song Tao, Sam Taylor-Wood, Yang Fudong og Zaho Tao.

DET MENNESKELEGE MØNSTER - Hannah Ryggen i vår tid

Veving som kunsthandverk har lang tradisjon. Den norske tekstilkunstnaren Hannah Ryggen løfta biletveven opp frå husflid til kunst. Ho var fødd i Sverige, men hadde størsteparten av sin karriere i Noreg. Kunsthall Oslo presenterer i perioden 5.mars – 24.april ei samling av kunstverka hennar over ein 15-års periode, og som i tid og motiv spenner over den andre verdskrigen. I mellomkrigstida utvida ho motivvala sine og vov politiske motiv mot krig og fascisme. Det politiske engasjementet hennar kjem til uttrykk mellom anna i to av teppa. “Liselotte Herrmann” (1938) har referanse til ein tysk kommunist som vart henretta. Eit anna motiv er “Drømmedød” (1936) som er dedikert til humanisten og Nobelpris-vinnar Carl von Ossietsky. Begge desse motiva avspeglar kunstnaren si tru på kor viktig enkeltmenneska sin kamp har vore gjennom historia.

I tillegg til kunstverka som er samla i Kunsthall Oslo rundt Hannah Ryggen sine tepper, er mellom anna verk frå kunstnarar i samtida, til dømes Pablo Picasso, Claude Cahun, Gerd Arntz og Gunnar S Gundersen, for å nemna nokre. Sistnemnde Gunnar S Gundersen har sitt opphav i Sogn og Fjordane, med Førde som fødestad.

Owen Jones og den islamske inspirasjonen

Kulturpåverknad har til alle tider ført til endringar i samfunnet på fleire arenaer. Innan kunst og arkitektur har dei islamske eller mauriske impulsane nedfelt seg også i Europa og Norden. Desse stramumdraga med opphav i orientalismen vert no vist i utstillinga ved Kunstindustrimuseet, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Sentralt i denne utstilling står den britiske designaren, arkitekten og kunstteoretikaren Owen Jons (1809 – 1874).

Denne kunstforma har ornamentikken i fokus. Owen Jons sine studier ved Alhambrapalasset i Granada, Spania førte til utvikling av banebrytande teoriar om abstrakt ornamentikk, flatmønstre og fargebruk som utfordring til den tradisjonelle designkunsten i Storbritannia.

eMunch.no - tekst og bilete

Utstillinga med tittelen “eMunch.no – tekst og bilde” vart opna den 20.01.11. Eit søkbart digitalt arkiv med E.Munch sine etterlatne brev, notatar, dagbøker og dokument elles er digitalisert, og dette arkivet er lansert med utstillinga som no vert vist i Munchmuseet. Utstillinga er bygd opp rundt det omtalte tekstmaterialet kombinert med kunstnaren sine kjende verk. Målet er å kaste lys over “kunstnaren sitt språklige og visuelle univers”, som det er uttrykt i katalogen, og vil gje nyanserte perspektiv på kunstnaren Edvard Munch. Katalogen på omlag 300 sider gjev fyldig informasjon om temaet. Utstillinga er tilgjengeleg i perioden 21.01 – 25.04.11.

Kjelde:

Absolutt Installasjon

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design opna ei ny utstilling den 13.01.11 med tittelen Absolutt Installasjon i Samtidsmuseet.

Hovudfokuset i utstillinga er knytt til tema i avantgardekunsten som hadde sitt opphav omkring 1920-talet. Denne kunstretninga hadde som mål å vera eksperimenterande og nyskapande. Avantgardisme utfordra det etablerte og har fokus på nytenking og utvikling.

Marianne Heske - Himmel & Jord

Stenersenmuseet i Oslo viser i perioden 4.november – 2.januar 2011 Marianne Heske sine kunstverk. Ei omfattande samling av videoinstallasjonar med mellom anna landskap som motiv. Eit sentralt tema i utstillinga er hovudformer eller “doll`s head”. Gjennom dette tema har utstillinga ein sekvens med fokus på “phrenology” som var ein medisinsk vitenskap tidleg på 1800-talet. Hovudskallen vart da delt inn i ulike områder med kvar sin funksjon, og kategorisering av menneska vart basert på hovudskalle og ansiktsform. Men denne vitenskapen er av ettertida tilbakevist.

Vestlandskunstnaren med opphav i Ålesund og Tafjord har internasjonal anerkjenning.

Sakrale skattar frå Kremel-musea i Moskva - Nasjonalgalleriet

Utstillinga med denne tittelen vart opna i Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design den 23.09.10, og er tilgjengeleg fram til 16.januar 2011. Denne utstillinga har 90 russiske kunstverk frå 1300-talet til slutten av 1800-talet. Kremel-musea vil visa det norske publikum kunstverk med utgangspunkt i temaet Den russiske kyrkja.

Den fyrste av tre hovudsekvensar viser målte, broderte og utskorne verk i form av ikon. I den andre sekvensen vert kyrkjeutstyr som liturgiske gjenstandar i gull og sølv vist. Den tredje sekvensen viser drakter og tekstilar til russiske geistlege på 1600-talet. Her er det eit unikt høve til å få innblikk i russisk handtverk med tema frå den russisk ortodokse kristendommen gjennom fleire hundre år.

Kunst på høyden - Nasjonalgalleriet

Ei representativ samling av kunstnarar frå mellomkrigstida vert i sommar vist i Nasjonalmuseet. Ingeborg og Johannes Sejersted Bødtkers byrja i 1920-åra å samla norsk samtidskunst. Dette var den største kunstsamlinga i denne tidsperioden. Eigarane bygde sitt eige galleri i 1937, det var kalla “Nasjonalgalleriet på Holmenkollen”. Etter 2.verdskrig vart samlinga spreidd til nye eigarar, deriblant Nasjonalgalleriet. Nasjonalgalleriet heidrar desse kunstsamlarane med ei utstillinga som omfattar rundt 80 kunstverk med 26 kunstnarar.

Av kunstnarane som dei fleste av oss vart kjent med frå leseopplæringa på 50-talet , er Reidar Aulie (1904 – 1977). Han illustrerte “Mi fyrste lesebok”, ABC – boka som førte mange elevar i Noreg inn i lesekunsten på den tida. Han er representert i utstillinga med kunstverket “Arbeiderdemonstrasjon”.

Ludvig Eikaas retrospektiv utstilling i Samtidsmuseet

Den retrospektiv utstilling med Ludvig Eikaas sine kunstverk opna i dag den 30.01.10 på Samtidsmuseet.. Direktør for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design Audun Eckhoff opna utstillinga og Oslo Tangoforening stod for musikken. Kunstverka var ei samling frå mellom anna Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Eikaasgalleriet og Bergen Kunstmuseum. Kunstnaren har arbeidd innanfor måleri, portrett, skulptur og grafikk.

På kunstpresentasjonen i hovudstaden i dag, var det stemning inspirert frå kulturen i Sogn og Fjordane, men og frå kunstnaren si interesse for russisk folkemusikk. For kunstinteresserte er dette ein unik sjanse til å sjå Ludvig Eikaas sin kunst samla på Samtidsmuseet. Utstillinga er open for publikum i perioden frå 31.januar til 25.april 2010.. .

Kunstutstillingar

Følges av ett medlem.
Origo Kunstutstillingar er en sone på Origo. Les mer
Annonse